Lynget kolnar der det glødde raudt.
Vidda blir den stillaste av alle kjørker.
Songen tagna. Folket gjekk. Og her vart audt.
Snø på høgste oppom kvitnar.
Gufs av vinter isnar ned frå bratte flog og steingrå hø.
Kvelvd på stranda ligg ein vergrå båt og gisnar.
Skodda stig som skrømt frå nattstill sjø.
Låge seterhusa longe sidan er forlatne.
Ligg og søv i lendet med ein mørk kontur.
Vind og vatten susar. Ingen far av folk er atte.
Her er berre haustleg vill natur.
Mellom folk i dalen kjende eg meg meir åleine.
Fjellets gode lange sus gir tanken fred.
Trygge einsemd! Her kan ingen nå meg for å steine.
Det eg vesal møtte verda med.
Arnljot Eggen.